ME HAR OPPLEVD MYKJE STØRRE PÅGANG FOR INFLUENSAVAKSINE ENN VANLEG OG ER DESSVERRE TOMME FOR VAKSINER I SOGNDAL. ME HAR BESTILT FLEIRE MEN DET ER USIKKERT OM FHI KLARAR Å LEVERE. FØREBELS ER DET NOKRE VAKSINER IGJEN PÅ APOTEK. TA KONTAKT MED OSS FOR RESEPT SÅ KAN ME SETJE VAKSINA PÅ LEGESENTERET.
Informasjon om influensavaksine i Sogndal kommune
Det blir sett opp vaksinering på følgjande tidspunkt:
Balestrand: Balestrand legekontor måndag 26.10. og onsdag 28.10. kl. 1600 – 1900
Leikanger: Leikangerhallen/Saften onsdag 28.10, torsdag 29.10. og fredag 30.10. kl. 0900 – 1430
Sogndal: Kantina ved Sogndal helse- og omsorgssenter måndag 26.10, tirsdag 27.10. og onsdag 28.10. kl. 0830 – 1500
Det vil vere personell til stades for å hjelpe til med at smittevernreglar blir følgde.
Vaksinen er i første omgang forbeholdt personar i risiko for alvorleg forløp av influensa og anbefalast spesielt for:
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
- Alle frå fylte 65 år
- Barn og vaksne med:
- diabetes type 1 og 2
- kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsykdom, leversvikt eller nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
- nedsett immunforsvar
- svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- Helsepersonell som har pasientkontakt
- Husstandskontaktar til immunsupprimerte pasientar
Influensavaksinen kjem til å koste kr 50,- ved vaksinering i kommunen. Dei som har frikort får vaksinen gratis.
Det er også mogleg å vaksinere seg på apoteket. Vaksinen kostar då ca. kr. 350,-. Apoteket skal på lik linje med kommunen prioritere kun risikogrupper. Dei som ynskjer vaksine på apoteket skal ta direkte kontakt der og treng ikkje resept.